{$ msg.text $}

Vestnytt og Askøyværingen søker etter journalist

  • Søknadsfrist: 30. august 2019
  • Søknadsfrist: 30. august 2019

Ein av våre dyktige journalistar har fått seg ny jobb, og vi er på jakt etter ein motivert journalist som kan erstatte han.

Brenn du for å lage god lokaljournalistikk og likar å engasjere folk? Er du ein allroundar som trivst med alle stoffområde? Kjenner du pulsen gå opp når det skjer noko som må ut på nettet så raskt som råd? Då er du ein kandidat for jobben.

Stillinga er fast og inngår i turnus med kvelds- og helgevakter. Saman med to andre journalistar har du ansvaret for nettdesken til Vestnytt og Askøyværingen, som samarbeider tett.

Du bør ha journalistutdanning, men annan høgare utdanning eller relevant erfaring kan også gjere deg aktuell for oss.

Kompetanse

Vi ser etter følgjande eigenskapar og kvalitetar:

  • Strukturert og effektiv
  • Høg arbeidskapasitet
  • Gode lattermusklar
  • Beherskar bokmål og nynorsk
  • Tar med glede i bruk ny teknologi
  • Kommuniserer tydeleg
  • Er god på å prioritere
  • Forstår at mediebransjen er i endring
  • Har førarkort

Om selskapet

Vestnytt er lokalavisa for kommunane Fjell, Sund og Øygarden, som i desse dagar slår seg saman til storkommunen Øygarden. Askøyværingen er lokalavisa på Askøy. Vi leverer aktuelle saker frå alle samfunnsområde i nedslagsfelta våre. Vi er i ei rivande digital utvikling og satsar på å vere aktuelle for lesarane våre kvar einaste dag på vestnytt.no og på av-avis.no. Papiravisa til Vestnytt kjem ut to gonger i veka: tysdag og fredag, medan Askøyværingen kjem ut på papir kvar torsdag.

Vestnytt og Askøyværingen samarbeider med søsteravisene Strilen og Bygdanytt. Alle fire har felles papirdesk. Vi er eigd av AS Lokalavisene, som er ein del av Schibsted-konsernet. Vestnytt og Askøyværingen har felles redaktør, felles nyheitsleiar og felles digitaldesk. Vi skriv både nynorsk og bokmål.

Marknadsavdelinga for dei fire lokalavisene er samlokalisert i Media City Bergen, medan redaksjonane i Vestnytt og Askøyværinge har lokale på Straume og Kleppestø, 15 minuttars køyretid frå Bergen sentrum.

Marit Kalgraf | Kontaktperson

Søk her